Øygunn Leite Kallevik
Å skrive gode journalar er eit handverk
Michael 2026; 23: 196–198
doi: 10.5617/michael.13346
Medisinsk journalskriving er ei lærebok som presenterer prinsipp for utforming av innkomstjournalar. Nylig vart boka lansert i oppdatert og utvida utgåve. Boka er skriven på nynorsk og bokmål, side om side.
.jpg)
Bjørn Bendz og Øygunn Leite Kallevik på boklanseringa i Galleri Nygaten i Bergen 14. september 2025.
Foto: Maria Leite Kallevik
Å skrive gode journalar er eit handverk i seg sjølv. I 1956 omsette seks medisinstudentar journalmalar som var i bruk ved undervisningssjukehusa i Oslo, til nynorsk (1). Arbeidet deira var utgangspunktet for boka Medisinsk journalskriving, som kom ut første gong i 1979 (2). Andre utgåve i 1987 omfatta elleve fagfelt, inkludert psykiatri, og fleire medlemer frå Medisinsk Mållag deltok i arbeidet (3). Psykiateren Einfrid Perstølen (1917–2017) var ei av eldsjelene.
Det har i mange år vore eit ønskje å få ei oppdatert utgåve av denne boka på nynorsk. I 2023 var dette arbeidet kome ganske kort (4). Med stipendstøtte frå Noregs Mållag og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) vart det mogleg å få fart på arbeidet.
Den reviderte boka har døme på journalføring innan 12 fagfelt, i tillegg til råd og eksempel (5). Kapitla om psykiatri, hud, gynekologi, auge og medisinsk genetikk er nyskrivne, med bidrag frå fleire legar tilknytta Medisinsk Mållag. Engelske uttrykk er i stor grad erstatta med norske, og latinske termar er tilpassa norske skrivemåtar. Forkortingar er forklarte.
Oppdateringa byggjer på eit kompendium om journalskriving for sju fagfelt på bokmål frå 2005 (6). Tredje utgåve av Bjørn Bendz og andre legar ved Oslo universitetssjukehus kom i 2020 og har vore nytta i undervisning for medisinstudentar i Oslo og Trondheim (7).
Den nye boka er hovudsakleg retta mot medisinstudentar og legar i spesialisering, men kan òg ha relevans for samarbeid på tvers av sjukehus, utdanningsinstitusjonar, fagområde og målformer.
Om lag halvparten av norske medisinstudentar blir utdanna i utlandet. Dei siste åra har meir enn 3000 norske medisinstudentar vore registrerte ved utanlandske lærestader (8). Dei fleste kjem heim att. Dette aktualiserer behovet for å kjenne til korleis ein journal vert ført på norsk.
Automatisert journalføring?
Fleire IT-leverandørar arbeider med løysingar for automatisert journalskriving. Slike system byggjer på malar og strukturar som kan tilpassast spesialisthelsetenesta. Boka kan i denne samanhengen få betydning som eit referanseverktøy for utforming av slike strukturar. Dersom liknande malar vert nytta i ulike verktøy, kan det bidra til auka grad av nasjonal standardisering av journalskrivinga.
Helsedirektoratet har ansvar for SNOMED CT, eit omfattande prosjekt som tek sikte på å standardisere medisinsk terminologi på norsk, både bokmål og nynorsk (9). Journalspråket skal samstundes vere presist nok for kommunikasjon mellom helsepersonell, fyldig nok til å vere fagleg forsvarleg og forståeleg nok for pasientane. Desse omsyna peikar mot eit språkleg spenn som ikkje utan vidare let seg sameine (10). Medisinsk journalskriving gir døme på korleis journaltekst kan utformast med vekt på klarleik og struktur.
Litteratur
Rettleiing i journalskriving til 2. avdeling av det medisinske studiet. Samla av medisinarmållaget «Eir». Oslo: Universitetsforlaget, 1956.
Braut GS, Gardsjord G, Perstølen E et al, red. Medisinsk journalskriving: rettleiing og journaldøme. Oslo: Medisinsk mållag, 1979.
Braut GS, Gardsjord G, Perstølen E et al, red. Medisinsk journalskriving: rettleiing og journaldøme. 2. utgåve. Oslo: Medisinsk mållag, 1987.
Braut GS. Medisinsk journalskriving på nynorsk. Michael 2023; 20 (Supplement 31): 36–43.
Kallevik ØL, Bendz B, red. Medisinsk journalskriving. Bergen: Fagbokforlaget, 2025.
Bendz B, Eilertsen AL, Aabakken L et al, red. Journal 1: om å skrive enda bedre medisinske journaler. Oslo: Universitetet i Oslo, 2005.
Bendz B, Eilertsen AL, Lundin KEA et al, red. Journal 1: om å skrive enda bedre medisinske journaler. 3. utg. Oslo: Universitetet i Oslo, 2020.
Ulvestad MES, Wiers-Jenssen J. Nyutdannede norske legers tilfredshet med utdanningen i Norge og i utlandet. Michael 2022; 19: 14–31.
Våge O. Slik byggjer vi ein felles semantisk grunnmur for framtidas e-helseløysingar. Michael 2023; 20 (Supplement 31): 115–24.
Hem E, Nylenna M, Larsen Ø. Pasientjournalens mange roller. Michael 2023; 20 (Supplement 31): 11–30.
Øygunn Leite Kallevik er sjukepleiar, jobbar som spesialrådgjevar innan e-helse og er leiar for Medisinsk Mållag. Ho er ein av redaktørane for boka Medisinsk journalskriving.
